![]() |
Nordnorsk økonomisk modernisering sett i lys av rekutteringa til a/s Bjørkaasen gruber 1920 - 50
Hovudoppgåve i historie ved Det Samfunnsvitenskaplege fakultet, |
Den allsidige industriarbeidaren Kapittel 1 "Snarvegen"
1.1 Innleiing: Vel fire mil sør for Narvik ligg Ballangen. Like før du svingar rundt Ballangsleira og E6 buktar
seg nordover og ut mot tettstaden Ballangen, gjør eit skilt deg merksam på at du kan svinge til
venstre og sørover mot Bjørkåsen. Ved avkjøringa ligg Folkets Hus og vitnar om ei svunnen tid.
Lenger opp ligg det fleire større samlingar av bustader, som har husa arbeidsfolk og funksjonærar
i gruvebedrifta som dominerte området frå 1910 til 1964. Midt oppe i den vesle dalen opp mot
sjølve Bjørkåsen ligg eit kvitt etternittlagt hus - det gamle Samvirkelaget, der Gruva restaurant
no ligg. Huset blei i si tid gitt til samvirkelaget i Ballangen av eigarane av a/s Bjørkaasen gruber.(1)
For dei som ofte har farta på E6 mellom Narvik og Fauske har denne delen av ferda berre fått
namnet "snarvegen". Folk veit vanlegvis ikkje kva plassen heiter, men seier ein til dei at "det er
der oppe ved snarvegen", veit dei straks kva ein snakkar om. Her kan den moderne farande
svinge over, for å spare inn eit par tre kilometers kjøretur i kampen for å vinne plassar i fergekøa
før Tysfjorden.
I det som heiter Mellom-Bjørkåsen, ligg eit gamalt laboratorium, ein snekkarverkstad, ein
blekkslagarverkstad, fleire arbeidarbustader og restane av eit kisvaskeri. Vaskeriet, eit stort gult
teglsteinsbygg, ligg som ei trapp i det skrånande terrenget, og er omkransa av furuskog. Her blei
det verdifulle skilt frå det verdilause. Kisklumpane som låg skjult inni gråberget kom for ein dag.
Her kunne ein kontrollere om dei som hadde fordra og minert i gruva rett ved, hadde gjort godt
arbeid. Her kom sanninga for ein dag. Nedafor vaskeriet ligg eit vakkert mørkt bygg, der
administrasjonen i den gamle gruvebedrifta heldt til. Her blei drifta leia av utdanna folk, med
erfaring frå liknande bedrifter andre stader i landet.
På sletta nedafor dette bygget ligg det også ein kvitmala bygning der den kommunale
fritidsklubben i Ballangen er i dag. Bygget blei bygd som sjukestue av a/s Bjørkaasen gruber,
til bruk for både arbeidsfolk og andre i kommunen. Den patriarkalske omsorga for innbyggjarane
hadde det svenskeigde aksjeselskapet hovudansvaret for. Parallellt med vegen oppover dalen mot
Bjørkåsen ligg det ein sykkelstig. Eit uttrykk for ei ny tid, men likevel fundert på trasèen til den
vesle jernbanen der damplokomotivet prusta seg att og fram i skytteltrafikk mellom gruve og
vaskeriet i Bjørkåsen, til utskipingshamna i Ballangen, vel to kilometer nedover mot havet.
Av industristader i Nord-Noreg er ikkje Ballangen av dei mest omtalte. Mange sider er skrivne
om industriverksemder som A/S Syd-Varanger og Sulitjelma gruber, gruvene i Kåfjord i Alta,
Birtavarre i Nord-Troms, Dunderland og Bossmo i Rana. Ja til og med mindre varige
industrialiseringsprosjekt av typen Senjens nikkelverk på Berg og Salangsverket i Sør-Troms har
blitt behandla særskilt i hovudoppgåver i historie. Salangsverket var i drift i fem år, nikkelverket
på Senja i 25 år. Av ei omfattande forsking kring moderniseringsprosessane og industriforetaka
i Noreg, er det altså ikkje skrive noko større om Bjørkaasen gruber, som var i drift i vel 50 år(2),
utan større avbrot enn det lockoutar, streikar og vassmangel kunne skape. Bjørkaasen gruber var
ei av dei mest stabile bergverksbedriftene i Nord-Noreg, når det gjaldt kontinuerleg drift i
perioden 1914-64. Då krigen var over i 1945 var det berre to andre gruvebedrifter att i Nordland
utanom Bjørkaasen gruber.(3)
Lite har blitt skrive om arbeidarane sin heroiske kamp for 8-timars dag eller høgare løn i
Bjørkåsen. Sjeldan har romanforfattarar blitt inspirerte av konfliktar eller miljø til å skrive
romanar om det sosiale livet, slik f.eks. Dag Skogheim har om Sulitjelma. Det første
arbeidarforeninga i landsdelen blei heller ikkje skipa i Bjørkåsen. Det finst ikkje trykt noka
"Bjørkås-vise" slik det finst utallige viser om det sosiale livet i Sulitjelma eller arbeidet på
Ofotbanen. Finst det då ingenting spennande skrive frå dette området? Joda, det finst då det. Det
blei til og med skrive ei eiga vise, eller som ho heiter; "Siste arbeidstime". Visa blei skriven i
samband med nedlegging av gruvene i Bjørkåsen, og tonesett av Jack Berntsen. Det finst likevel
ikkje så rikt tilfang av arbeidarkultur frå regionen som frå ein del andre regionar av same karakter
i landsdelen. Det kan vere fleire grunnar til dette. Kanskje kan det vere eit uttrykk for at det ikkje
blei ein dominerande arbeidarkultur i distriktet? Kanskje kan det vere fordi rekrutteringa til
gruvene skjedde i ei tid då arbeidarkulturen var under press? Kanskje kan grunnen vere at
innslaget av arbeidsfolk no var så lokal at arbeidsfolk heldt oppe den lokale kulturen som fanst
i omlandet frå før? Dei blei med andre ord ståande med ein fot i den nye og ein fot i den gamle
tid. Dette er spørsmål eg i løpet av denne oppgåva vil prøve å komme tilbake til og inn på.
1.2 Problemstilling - modernisering og moderniseringsprosessar Einar-Arne Drivenes(4) og Ottar Brox(5) har hevda ulike syn i debatten om folk i landsdelen
foretrekte å vere fiskarbønder framfor å gå inn i dei nye næringane fram til 1950. Brox meiner
at gruvedrifta og industrien berre var sporadiske alternativ for fiskarbønderne, og at dei berre blei
ein naturleg del av livet til folket i landsdelen i fasar av livet fram til etterkrigstida. Dei nye
næringane blei ikkje noka erstatning for fiskarbondetilpassinga. Den tradisjonelle måten å leve
på i landsdelen heldt stand. Dette har Brox seinare gjentatt på 90-talet ved å belyse spørsmålet
med det amerikanske omgrepet frontier. I hovudtesen legg han vekt på at Nord-Noreg fungerte
som ein frontier, eller grense, mot udyrka, tynt befolka og underutnytta landområde.(6) I minst
1500 år, frå folkevandringstid til siste krig, hadde Nord-Noreg funget som frontier i forhold til
"eiendomsbesitternes samfunn i Sør-Skandinavia".(7) Regionen hadde stort sett jord og
naturressursar til alle og "mulighetene til å finne ressurser var åpne i Nord-Norge helt fram til
våre dager".(8)
Einar-Arne Drivenes reiste større innvendingar mot denne argumentasjonen rett etter at Brox
først lanserte frontier-omgrepet på midten av 80-talet.(9) Han spurte kva sekundærnæringane hadde
å seie for den nord-norske økonomien. Hans hypotese var i kva grad og under kva vilkår folk i
landsdelen tok arbeid som gruvearbeidarar då dei store malmfelta blei utbygde på 1800- og
1900-talet. Han viste i si undersøking at det skjedde kraftige vekst- og falltendensar i
sekundærnæringane i Nordland og Finnmark, og han spør kva desse vekst- og falltendensane
hadde å seie for den tradisjonelle nord-norske fiskarbondeøkonomien. Drivenes hadde som
intensjon å modifisere Brox sitt syn på fiskarbondeøkonomien ved å sjå på rekrutteringa til
bergverka i landsdelen i 1850 og i 1900. Som eit stikk til Brox konkluderte Drivenes med at
sekundærnæringssektoren sin verdi for vedlikehald av fiskarbondesystemet til no var blitt
undervurdert.(10) Brox undervurderer også denne sektoren sin verdi for nordnorsk økonomi totalt
sett. Konklusjonen til Drivenes var at fiskarbonden ikkje blei gruveslusk, men at han i periodar
av livet sitt også var gruveslusk.(11) Brox undervurderte sekundærnæringane sin verdi, fordi det
som ofte skjedde var at sekundærnæringane blei integrert i primærnæringane. Fiske kunne
lettvint erstattast med lønsarbeid dersom det var meir fordelaktig å velje det. Det viktigaste
funnet hos Drivenes var at haldninga til lønsarbeid endra seg drastisk etter ytre
økonomiske/økologiske forhold til ulike tider. Brox har hatt ein tendens til å marginalisere
sekundærnæringssektoren. Drivenes har på den andre sida gitt Brox rett i at hovudfundamentet
i nordnorsk økonomi, "hushaldsøkonomien", ikkje blei vesentleg rokka sjølv om
sekundærnæringane ekspanderte kraftig fram til 1920.
Brox sitt svar på denne kritikken var lite imøtekommande. I den perioden Drivenes omtalte blei
landsdelen noko heilt anna ein ein frontier i tradisjonell forstand. Nord-Noreg var då i ein periode
"et reservoar av arbeidskraft" for ekspansive næringar i Sør-Noreg, og eit "Klondyke for
luringer" med pengar nok til å skaffe seg eigedomsrett til næringsgrunlaget i landsdelen.(12)
Intensjonen med denne oppgåva er å sjå på Ballangssamfunnet i lys av Brox og Drivenes sin
diskusjon. I mitt tilfelle kan eg følgje opp Drivenes si undersøking og sjå nærmare på perioden
etter den Drivenes har granska, dvs. tida frå 1920-1950. Periodiseringa av mi undersøking blir
også konstituert av Brox sin påstand om den endringa som skulle ha funne stad frå 1950-åra av
i nordnorsk sosialhistorie og økonomisk historie. Eg vil ta for meg opptakten til verksetableringa
i Ballangen i 1920, sjå særskilt på etableringsfasen, og sjå vidare på forholdet mellom verk og
bygd fram til 1950. Det var ved dette tidspunktet Brox meiner dei store endringane i nordnorsk
historie sette skikkeleg fart. Ein viktig grunn til at det er fruktbart å sjå på denne perioden er at
ein betre kan få grep om overgangen frå tradisjonelle til nye næringar. Derfor er det viktig å sjå
på etabelringsfasen.Ved etableringa vil ein lettare kunne isolere folk, medan det blir vanskelegare
å gjøre ein rekrutteringsstudie seinare på grunn av eigenrekrutteringa normalt ville sette inn
etterkvart. Dette er årsaka til at vi stoppar i 1950.
A/s Bjørkaasen gruber blei plassert inn i eit eksisterande tradisjonelt nordnorsk
fiskarbondesamfunn. Folk kunne la vere å ta seg arbeid i bedrifta, eller dei kunne hive seg på det
nye. I Sulitjelma, Sør-Varanger og Dunderlandsdalen (Dunderland Iron Ore Company) måtte ein
hente arbeidskrafta utafor bygda, fordi det budde få der frå før. Det spesielle med Ballangen var
at bedrifta blei etablert i eit lokalsamfunn der det fanst ei lokalbefolkning som var vant med
arbeid i dei nye næringane (sekundærnæringane), både gjennom Ofoten Malmfält, Ofotbanen og
fleire lokale gruveprosjekt i tida 1880-1920. Sulis, Sør-Varanger og DIOC(Dunderland) var
bedrifter som blei etablert i lokalsamfunn med lite folk og få fiskarbønder. Ein studie av
Ballangen gjev høve til å sjå nærmare på kor sterkt dei tradisjonelle næringane blei ståande i
regionen ved møtet med den nye verksemda. Var det slik at den nord-norske
fiskarbondeøkonomien var under press, og at potensielle fiskarbønder kasta seg ut i lønsarbeid
ved den nye bergverskbedrifta i staden for å ro fiske og drive gard?
Folk som blei involvert i verksemder som a/s Bjørkaasen gruber møtte nye krav til
produksjonen. Han skulle vere rasjonell, spesialisert og prega av ei sterk arbeidsdeling. Dette
er kjente omgrep frå dei samfunnsvitskapane som i sine moderniseringsstudiar har lagt vekt på
kva det nye var i forhold til det gamle. Andre karakteristikkar har vore utvikling og innføring
av ny teknologi og byråkrati både innafor det økonomiske og dei sosiale systema, og
spesialisering i form av stadig sterkare arbeidsdeling i produksjon og administrasjon.(13) Her var
Bjørkaasen gruber gjennom sitt lønssystem, si arbeidsorganisering, sin organsisasjonsmodell og
styringsstrukturar, sine profesjonaliserte fagarbeidarar og arbeidsleiarar det som representerte det
nye i forhold til det ein var vant til frå før i Ballangen. Bjørkaasen gruber var ein moderne bedrift
som i løpet av nokre hektiske år blei planta inn i eit tradisjonelt fiskarbondesamfunn. I perioden
1900-1950 har det i Ballangen skjedd endringar som ein kan bruke karakteristikkar frå
samfunnsvitskapane og økonomisk historie for å forklare. Det gjekk frå å vere eit tradisjonelt
samfunn til å bli eit meir moderne samfunn, meir og meir prega av dei mangearta endringane.
Det sentrale i denne oppgåva er å sjå på kva konsekvensar den moderne industribedrifta hadde
for utviklinga i forhold til val av levebrød i Ballangen.
1.2.1 Ballangen i spenningsfeltet mellom det tradisjonelle og det moderne? Coldevin seier at den historiske utviklinga i landsdelen var prega av diskontinuitet og endring
i dei siste 25 åra av 1800-talet, medan Brox konkluderer med at desse endringane først sette inn
etter 2. verdskrigen og stod i motsetnad til landsdelen sine interesser. Coldevin har tatt føre seg
den sterke ekspansjonen innafor kommunikasjonssektoren på slutten av 1800-talet og sagt at
landsdelen ikkje var den same i 1850 som i 1900. Det hadde skjedd endringar i form av
urbanisering og betre kommunikasjonar gjennom bygging av infrastruktur. Lønsarbeid og
pengeøkonomi breidde også om seg, i følgje Coldevin.(14) Brox har sett på landsdelen i perioden
1800-1950 og næringsstrukturen i landsdelen. I tillegg har han tatt føre seg busettingsstrukturen,
og sagt noko om den nordnorske moderniseringa ut frå dette.(15)
Omgrepet modernisering blir ikkje brukt om endringane, og når nokon har brukt det, har det vore
brukt nokså overflatisk eller nokså spesielt om særskilte hendingar eller emne. Hallvard
Tjelmeland brukar omgrepet når han analyserer utviklinga i fiskerinæringa i kyststroka i
landsdelen på 1900-talet.(16) Han skriv om ei næring som dels har blitt modernisert gjennom
initiativ frå fiskeribefolkninga, dels gjennom motstand frå den same kystbefolkninga. Tjelmeland
lanserer spenninga mellom det tradisjonelle og det moderne; to ytterpunkt som kan karakterisere
nordnorske moderniseringsprosessar. Han viser til at landsdelen i dag ikkje hadde vore gjennom
ei lineær økonomisk utvikling som resulterte i at ein nådde eit endeleg mål.
Moderniseringsprosjektet var ikkje gjennomført i tråd med visjonane om det moderne.(17) Til dette
hadde landsdelen enno for små kommunar, for spreidt busettingsmønster, for mange som driv
kystfiske med små fiskebåtar, for små gardsbruk, for veik industri og for lite kapital.
Moderniseringsplanane møtte motstand frå dei som ville forsvare det tradisjonelle Nord-Noreg.
Tjelmeland viser at fiskerinæringa i Nord-Noreg er ei av dei mest moderne næringane i verda.
Moderniseringa er tildels gjennomført, men med eit heilt anna resultat enn ein hadde som mål
å gjennomføre. Vi har endt opp med kombinasjonsyrke som t.d.vaktmeister og småbrukar, lærar
og småbrukar.
Vi har fått ei breidde i kulturelle og økonomiske strukturar som framleis pregar landsdelen, der
den fleksibiliteten og tilpasningsevna som låg i den tradisjonelle kombinasjonsøkonomien blir
halde ved like, får lov til å eksistere og blir sett på som tildels ein ressurs.
For Ballangen sin del vil det vere mogleg å sjåom spenninga mellom det tradisjonelle og det
moderne også har relevans for å forklare utviklinga i Ballangen i perioden 1920-50. Ved å
studere rekrutteringa frå dette fiskarbondesamfunnet til den nye industriarbeidarklassa kan ein
sjå om det skjer ein lineær, gradvis overgang frå fiskarbondeøkonomi til kapitalistisk økonomi.
Vi vil også kunne undersøkje om den nye næringa møtte motstand frå lokalbefolkninga slik Brox
påstår. Valte somme av befolkninga det nye og korfor gjorde andre det ikkje? Og framfor alt kan
ein spørre seg om dette endra seg over tid eller ikkje, slik Fulsås meiner?(18)
1.3 Rekruttering 1.3.1. Litteratur om rekruttering - hypotesar og teoriar: I boka Fiskarbonde og Gruveslusk tar Einar Arne Drivenes.(19) for seg spørsmålet om rekruttering
til nordnorske bergverk med hovudvekt på 1800-talet. Han ser på kva slike rekrutteringsstudium
kan seie om forholdet mellom den tradisjonelle, fiskarbondeøkonomien i Nord-Noreg og den
ekspanderande kapitalistiske økonomien. Ved å gå gjennom folketeljingar, kyrkjebøker,
bergverkssarkiv, nord-norske avisar, amtmannsforteljingar, yrkes-, befolknings-, industri- og
bergverksstatistikk, medisinalforteljingar, trykte amttingsforhandlingar og anna litteratur om
sosiale og økonomiske forhold i landsdelen i perioden 1800 - 1920, prøvde Drivenes å finne ut
om Ottar Brox hadde rett, når han påstod at nordlendingane foretrakk å livnære seg av jordbruk
og fiske fram til etterkrigstida. Ved å undersøke rekrutteringa til tre gruvebedrifter i Nord-Noreg
spurte Drivenes om kor rett Brox hadde i "at nordlendingene foretrakk å livnære seg av jordbruk
og fiske fram til etterkrigstida..".(20) Gjennom å undersøkje kven som arbeidde i gruvene i Kåfjord,
Birtavarre og Sulitjelma kom han fram til at over 2/3 av arbeidsstokken i 1900 var frå Nord-Noreg. Arbeidsstokken i gruvebedriftane i Kåfjord, Birtavarre og Sulitjelma var stort sett frå
Nord-Noreg. I tillegg var størstedelen av arbeidarane frå den kommunen verket låg i eller frå
nabokommunane.(21)
Når Drivenes går inn på årsakene til den høge rekrutteringa til bergverksbedriftene frå Nord-Noreg, meiner han å finne det i faktorar utanfor verkssamfunna. Hovudsakleg satsa folk på dei
nye næringane fordi det var vanskar innan den tradisjonelle økonomiske sektoren. Endra ytre
realitetar tvang fiskarbønder til å bli gruvearbeidarar for kortare eller lengre periodar.(22) Drivenes
finn likevel ikkje å "vite noe sikkert om arbeiderne som kom fra fiskarbondesystemet blei
gruvearbeidere for livet". Bergverksnæringa var i dei fleste tilfelle ei attåtnæring som var med
på å vedlikehalde fiskarbondesystemet. Fiskarbonden blei ikkje, så langt han kunne sjå
gruveslusk, men han var i periodar av livet også gruveslusk.(23)
Ein av dei som har gjort ein rekrutteringsstudie frå ei bedrift av same type som Bjørkaasen
gruber, er Øyvind Bjørnson. Han har både i ei doktoravhandling og eit lokalhistorisk bokverk
skrive om ei svovelkisgruve, Stordø Kisgruber i Sunnhordland, som blei etablert og lagt ned på
omlag same tid som Bjørkaasen gruber.(24)
Denne oppgåva skal sette industriføretaket Bjørkaasen gruber inn i den samanhengen som
Drivenes, Bjørnson og dei nemnte hovudoppgåvene. Dei same metodane vil bli nytta i studien
av Ballangen. Ein slik studie må plassere Bjørkaasen gruber i forhold til kva som er det
spesifikke ved ei bedrift som utvinn svovelkis. Regionale faktorar som folketalsutvikling,
jordbruksutvikling, folketalsstruktur og yrkestradisjonar i Ballangsregionen har konsekvensar for
rekrutteringa til a/s Bjørkaasen gruber. I tråd med Lars Berggren sine metodiske moment kan
nytte rekrutteringsstudiet for å finne svar på problemstillingane nemnt tidlegare i dette kapitlet.(25)
Berggren slår fast at viss ein skal studere ein spesiell industri, bransje eller føretak, må ein
mellom anna ta omsyn til viktige karaktertrekk ved den spesifikke industrien. Var han prega av
spesialisering eller "mångsysslande", var han kapitalintensiv eller arbeidsintensiv, og kva type
teknologi og arbeidsorganisasjon prega verksemda?
1.3.2 Rekrutteringsstudien i Ballangen - litteratur, kjelder og kjeldekritikk: Fram til 1875 var det området som i dag omfattar kommunane Ballangen, Evenes og Narvik ein
kommune, Ofoten. Seinare blei kommunen delt i to, Ankenes og Evenes. I 1902 blei Ankenes
delt ytterlegare opp i Ankenes og Narvik, og då a/s Bjørkaasen gruber blei etablert låg bedrifta
i Evenes kommune. Ballangen blei så skilt frå Evenes i 1925 dels på grunn av
bergverksetableringa.
Etter det ein hittil har fått inntrykk av skulle ein tru det er lite å melde frå Ballangshalvøya, men
det er overdrive å seie det. Leiter ein etter det som finst av litteratur eller anna skriftleg materiale
om Ballangen og gruvedrifta i kommunen er ikkje stoda så håplaus som ein kanskje skulle tru
innleiingsvis. Både litteratur og kjelder er omfattande. Det er særleg fire typar kjelder som er
viktige i arbeidet med kartlegginga av bakgrunnen til arbeidarane i a/s Bjørkaasen gruber.
Personalarkivet, lønningslistene, årsmeldingane i gruveselskapet og grunnlagmaterialet frå
folketeljingane i 1920, 1930, 1946 og 1950 er alle nødvendige kjelder.
Magnus Pettersen har i trebandsverk Ofoten I, II og III skrive om Ballangs-soga frå 1500-talet
og fram til 1945. Bøkene er skrive for ein brei lesarkrins og gjev innsyn i historia til ein
spennande region, der bergverksdrifta er noko av det som har prega området dei siste 300 åra.
Peter J. Brugsmans har også publisert ein artikkelen "Malmleting på Ballangshalvøya gjennom
300 år" i Håløygminne. Artikkelen er seinare innarbeidd i Pettersen si Ofoten II, om den første
gruvedrifta i Ballangen og Bjørkåsen-tida. Willy Mossum, har skrive ei historisk framstilling frå
området i boka Karrig jord.(26) Boka tar form som ei slektskrønike. Både Pettersen, Brugsmans
og Mossum gjev informative skildringar som kan vere med på å reise hypotesar og
problemstillingar. Mossum si bok er med på å reise aktuelle problemstillingar som også er
relevante for mi søking etter korleis folk reagerte på nyetableringa Bjørkaasen gruber. Også
personar frå Mossum si slekt tok seg arbeid i Bjørkaasen gruber både i lengre og i kortare
periodar. Desse kjeldene er samanhaldne med primærmaterialet frå området i denne framstillinga.
Rolf H. Stensland, historikar ved Høgskolen i Bodø, har skrive avhandlinga Bjørkaasen gruber
under 1.verdenskrig.(27) Han ser på føresetnadene for eigarskiftet i verksemda i lys av
forsyningsstode, marknadsutsikter, finansforhold og den handelspolitiske og politiske stoda under
krigen. Her finst det grundige framstillingar av bakgrunnen og oppkomsten av bedrifta og andre
forhold kring anleggs- og etableringsfasen, eigedomsforhold og liknande. Denne avhandlinga vil
bli lagt til grunn for mykje av mi framstilling kring dei same emna. Ein kortare artikkel over
problemstillingane avhandlinga tar opp er prenta i Historisk Tidsskrift.(28)
Sverre Samuelsen har gitt ut historieframstillinga Arnes, ei bygd i Ofoten.(29) Her tar han føre seg
slekts- og gardshistoria frå ein av dei verksnære krinsane til Bjørkåsen i nord/nordaust. Her får
ein innsyn i jordbruksutviklinga i det området som omfattar nokre av dei som budde nærmast a/s
Bjørkaasen gruber. Dette er derfor ei viktig bok for å sjå korleis folk knytt til primærnæringane
i krinsen valte levebrød i forhold til problemstillinga ved inntoget til den nye bedrifta.
Steinar Steen har skrive om den eldste gruva i Ballangen, Bals gruver, i Ottar. Han refererer til
Amund Helland og Nordland Amts Beskrivelse(30), som vil ha det til at Bals kopparverk i
Nordland var det eldste forsøk på bergverksdrift i Nordland. Soga om Bals gruver er så
interessant at det vil bli dratt inn i drøftingane seinare. Grunnen til dette er at samtida var opptatt
av å samanlikne dette gruveprosjektet då Bjørkaasen gruber blei skipa. Kontinuiteten som
bergverksregion blir sterkt vektlagt, spesielt i avisene i 1920-åra.
Narvik-avisene Ofotens Tidende, Fremover og Ofoten Folkeblad dekte alle saman lokalsaker
frå Ofot-regionen. I tillegg hadde avisa Friheten ein korrespondent i Ballangen, som arbeidde i
verket og budde i verkssamfunnet frå 1920 -1936. Av avgrensingsgrunnar og på grunn av at
kjeldene eg primært skal nytte gjev svar, har eg ikkje tatt for meg andre aviser som i samtida
hadde aktive skribentar i landsdelen. Dette er aviser som Nordlands Socialdemokrat (seinare
Nordlands Framtid) og Nordlandsposten i Bodø, bladet Nordlys og Tromsø Stiftstidende i
Tromsø, bladet Nidaros i Trondheim eller Lofotposten i Svolvær. Eg har halde meg til aviser frå
den regionen eg omtalar, eller med korrespondentar i Ballangen.
Sigrunn Ellingsen har i 1981 skildra arbeidarkvinnene sine kår i Bjørkaasen gruber i ein artikkel
i Nordnorsk Magasin(31). I artikkelen om skeiderskene ved Bjørkaasen gruber skildrar ho livsløp,
miljø og arbeidsforhold for tre av kvinnene som skeida på kisvaskeriet. Dette er ein av dei
artiklane som best skildrar bakgrunnen til dei som arbeidde på det nye verket, og forholdet
mellom dei og arbeidsplassen deira. Artikkelen kan faktisk nyttast som ei del av dei munnlege
kjeldene. Det kan også arbeidarminnet til Ludvig Pedersen i Årbok forOfoten. Han var tilsett i
Bjørkaasen gruber i ein del år, og har skildra korleis han blei rekruttert inn i bedrifta i 30-åra.
Årbok for Ofoten har kortare og lengre artiklar om Ballangen generelt og gruvedrifta i området
spesielt i årbøkene frå 1976, 1977, 1978, 1985 og 1986.
Registreringssentralen for Historiske Data har registrert folketeljingane for Ofoten for 1865 og
Evenes for 1875 og 1900, slik at ein del setralt datamateriale for Ballangsdelane av desse
kommunane finst trykt eller i dataregister.
Bedriftsarkivet til a/s Bjørkaasen gruber er tatt vare på av Arkiv i Nordland (tidl.
Nordlandsarkivet) i Bodø. Her finst både personalarkivet, med oversyn over kvar enkelt arbeidar,
årsmeldingar, rekneskap og utskipingsprotokollar, lønningslister og alt det skriftlege materiale
som blir att etter ein bedrift har vore i sving i nær 60 år. Dette er med andre ord den mest sentrale
delen av kjeldematerialet. Det er her ein finn mest detaljerte opplysningar om arbeidarane,
bakgrunn, lengde på engasjement osb. Kombinert med grunnlagsmaterialet frå folketeljingane
i 1920, 1930, 1946 og 1950, kan dette materialet gje nokså nøyaktige svar på tesane eg har reist
tidlegare. Dette gjeld problemstillingar om korleis ein lokalt tilpassa seg den nye tida med det
nye verket, som lanserte lønsarbeid, arbeidarorganisering og nye sosiale og økonomiske
realitetar. Bergmeistrane sine årsmeldingar(32) gir både kjennskap til konjunkturar i bransjen og
andre forhold som er knytt til prisar og lønsforhold.
Det gjør også Kåre Odlaug sine to bøker som dekker 60-årssoga til Norsk
Arbeidsmannsforbund(33). Desse to banda er primært ei framstilling av historia til hovudtyngden
av dei fagorganiserte arbeidarane i Ballangen, og kjem både inn på forhold på dei ulike verka,
og generelle forhold elles i gruvenæringa. Motstykket frå arbeidsgivarsida, Bergverkenes
Landssammenslutning gjennom 50 år.1907-1957 er også brukt, spesielt når det gjeld
lønsstatistikken dei førte over medlemsbedriftene.(34) I tillegg til dette materialet vil eg ha utbytte
av å sjå nærmare på Forhandlingsprotokollar og styreprotokollar frå Bjørkaasen
grubearbeiderforening. Desse er til ein viss grad tatt vare på av Arbeiderbevegelsens arkiv og
bibliotek i Oslo.(35)
1.3.2.1 Personalarkivet: Personalarkivet til a/s Bjørkaasen gruber gir mange svar på spørsmålet om reksruttering. Der er
kvar arbeidar/person oppført på eit eige personalkort for kvart år han er i arbeid ved bedrifta
(vedlegg 5). På kortet står namnet og nummeret i rekka av arbeidarar vedkommande var då han
blei tilsett første gong. Kortet inneheld også opplysningar om fødselsdato og fødestad, og
"Hjemstavn", altså der han høyrte heime då kortet blei fylt ut. I tillegg inneheld kortet ein rubrikk
over "siste opholdssted", sivilstand og kor mange barn han/ho hadde å forsørge. Kortet inneheld
også informasjon om kva avdeling i bedrifta vedkommande arbeidde i. Etter dette bestod resten
av kortet av eit tabell-liknande skjema over talet på arbeidstimar (ordinært, akkord, overtid og
samla), vedkommande arbeidde ved bedrifta kvar månad i løpet av arbeidsåret. Likeins inneheld
tabellen oversyn over utbetalt løn for utført arbeid på ordinær tid, akkord, overtid samt
dyrtidstillegg og samla løn fordelt på månader i løpet av eit år. Ut over desse rubrikkane inneheld
kortet også rubrikkar om fråvær, sjukdom, permitteringar i tillegg til ein rubrikk over merknader.
To rubrikkar med nemningane "inntatt" og "avgått" er også med på skjemaet, men desse to
rubrikkane er sjeldan eller aldri utfylt, så dei vil eg ikkje komme særleg inn på i det følgande.
Den aller viktigaste opplysninga i skjemaet er opplysningane fødestad og fødselsdato. Dei gjør
det mogleg å komme fram til den geografiske bakgrunnen til arbeidarane. Var det truleg at dei
som hadde ført korta, hadde gjort det heilt korrekt, eller kan det tenkjast at nettopp denne delen
av føringa ikkje blei gjort så nøye som opplysningar om lønsforhold og arbeidstid? På ein del
kort manglar mange data, men på dei fleste er det gjort fullstendig. Dette gjør at ein kanskje kan
rekne med ein viss feilføringsprosent i personalarkivet. Alt er neppe ført korrekt.
1.3.2.2 Folketeljingane og løningslistene: Stort sett inneheld alle personkorta opplysningar om fødestad og fødselsår, men der er enkelte
tilfelle der dei som står på korta ikkje har fått dette. For å løyse dette problemet er det såleis råd
å skjekke opplysningane med grunnlagsmaterialet for folketeljingane. Men, då vil vi ikkje finne
alle likevel. Derfor er det kanskje lurast å ta utgangspunkt i grunnlagsmeterialet og kryss-skjekke
denne med lønningslistene frå bedrifta i den månaden folketeljinga er gjort. Derfor har eg tatt
utgangspunkt i månadene desember i åra 1920, 1930, 1946 og 1950, når eg skal skjekke
folketeljingsmaterialet med lønningslistene. Resultatet vil då bli at eg i høg grad vil finne fram
til den store majoriteten av arbeidane sin geografiske bakgrunn. Gjennom grunnlagsmaterialet
til folketeljingane kan ein også finne ut kor mange av arbeidarane som livnærte seg av
gruvenæringa som hovudleveveg eller "bierhverv". Var gruvenæringa rekna som biyrke eller
hovudyrke, og endra dette seg nokon gong i livet? Korleis kan ein sjå dette i forhold til Brox og
Fulsås sin påstand om dei seigliva kombinasjonsnæringane, og kva kan dette fortelje oss om
spenningsforholdet mellom det tradisjonelle og det moderne?
Når det gjeld Grunnlagsmaterialet for folketeljingane må ein stort sett gå ut frå at dette materialet
er rett når det gjeld føring av fødestad og fødselsår. Det kan truleg vere enkelte av desse som har
manglar. Når det gjeld føringane av "hoved-" og "bierhverv" er det derimot meir uklårt om desse
er ført likt. Under fleire teljingar er det ulike personar som har ført skjema, dvs. gjort teljinga, og
ein kan ikkje sjå bort frå ulik praksis her. Det er også fullt mogleg at enkelte av dei som blir spurt
dette spørsmålet meiner det er uklårt. For eksempel er det ein person som svarar at han er
gruvearbeidar og småbrukar. På spørsmålet om han har "bierhverv", svarar han derimot "nei".
Her kan altså vere feilføringar og feiltolkingar. Rutinane blei etterkvart betre for gjennomføring
av teljingar og feila blir truleg borte etterkvart.
1.3.2.3. Munnlege kjelder: Ei innvending mot denne måten å gå frem på kan vere at vi ikkje får med oss utviklinga over tid.
Arbeidsstokken i 1920 er ulik frå 1930, og at mange arbeidarar i mellom desse to teljingane har
blitt både tilsett og har avgått. Dette vil ikkje min metode klare å fange opp. Ein mistar
dynamikken mellom sekundær- og primærnæringane og endringar over tid. Då kan ein bruke
munnlege informantar som gjev livsløpsstudiar. Ein kan ta eit utval av arbeidarar frå
personalarkivet, og sjå på deira karriere i Bjørkaasen gruber. Kor lenge var dei tilsett? Kva fase
i livet var dei tilsett? Kva tid på året var dei tilsett? Dette er spørsmål som kan svare på om
sesongarbeidet i Bjørkaasen gruber var ein del av den tradisjonelle økonomiske tilpasninga. Dette
kan også dei munnlege kjeldene gje innsyn i, men på grunn av at oppsporing av arbeidarane er
tidkrevande og vanskeleg, må vi la dette falle. I mitt tilfelle vil likevel tre informantane supplere
det kvantitative materialet. Det kvantitative materialet er elles godt, og munnlege informantar vil
bli lite brukt.
Noter: 1 Fremover 26.2.1921 2 Lars Nilsen Dybdalsås skreiv i Ofotens Tidende,22.10.1922 at "Bjørkåsen har været i uavbrudt drift siden høsten 1910". Bladet Nidaros skriv 25.8.1923 at det var i 1911 ein starta opp med prøvedrift. Pettersen 1976: 40-41, skriv at det var oppfaringsarbeid på gang hausten 1910, ein del gruvebryting i 1911og i 1912 hadde ein brote ein 500 m lang stoll og 264 m synk. 3 Strand 1993: 244. 4 Drivenes 1985: VI. 5 Brox 1984: 18. 6 Turner 1962: 1. 7 Brox 1993: 12. 8 Same stad. 9 Drivenes 1985: 11 f. 10 Same stad: 15. 11 Same stad: 153. 12 Brox 1996: 93. 13 Tjelmeland 1995: 3. 14 Coldevin 1938: 141. 15 Brox 1984: 17-47. 16 Tjelmeland 1993: 26 f. 17 Same stad. 18 Fulsås 1987. 19 Drivenes 1985: VI. 20 Same stad. (Drivenes refererer her til Brox 1984) 21 Same stad:150. 22 Same stad: 152. 23 Same stad:153. 24 Bjørnson 1987 og 1992. 25 Berggren 1994:122. 26 Mossum 1981. 27 Stensland 1993 og 1995: 82-96. 28 Stensland 1995:82-96. 29 Samuelsen 1983. 30 Helland 1908. 31 Ellingsen 1981: 8-11, 42. 32 NOS, Norges Bergverksdrift for kvart år 1883 - 1950. 33 Odlaug 1956. 34 Bergverkenes Landssammenslutning gjennom 50 år.1907-1957 1957. 35 Forhandlingsprotokoll for gruvearbeidarforeninga 1916-1968 (1932-36 og 1954-57 manglar). | |
Bearbeidet utdrag frå kapittel 1 (innleiingskapitlet): Steinar Aas